Kjersti har hatt utallege konsertar på Troldhaugen og for Musikkens Venner. Det har blitt mange skule- og kykjekonsertar opp gjennom åra. M.a. i tett samarbeid med Iver Kleive og Sondre Bratland.

Frå 1995 har ho samla inn og vidareformidla folkesongar frå traktene rundt Bergen. Meir enn 700 songar er samla for ettertida. Ein del av desse er gjevne ut på CD-ane ”Strilesølv” og ”Ro, ro til Siraland”. Ho har i alt gjeve ut/medvirka på til saman 10 CD-ar, og har turnert i Latvia, Litauen, Danmark, Texas, Irland, Canada, Tyskland og Island. Til dagleg jobbar ho som frilanssongar, songpedagog og kordirigent.

Kjersti har også erfaring med å leggje opp og tilpasse program for events. M.a. utøver ho også utdrag frå musikalar, operetter, jazz og viser. Programmet ”Det er den draumen” byggjer på lyrikk og musikk. Ho har også samarbeid med Øyvind Offedal der det er Bellmans livshistorie og songar og epistlar som står i fokus.

Barneprogrammet ”Sullekopp og Fløytelokk” er skapt av Wiik og Laila Kolve. Det tar utgangspunkt i gamle barnesongar. Vi følgjer dei to på reisa til ”Siraland”. Mange krumspring og mykje løye skjer undervegs. Dei to nyttar song, musikk, drama og dans i si forestilling. Regisør er Ragnhild Guldbrandsen.
Biografi
Tenester/
Programtilbod
Soloplater
Lydklipp
Omtale
Pressebilete
 
Kjersti Wiik - Litlevika 42 - 5914 Isdalstø - Tlf: 56 35 23 07 - Mobil: 926 63 920 - post@kjerstiwiik.no